Odtwarzanie przez Spotify Odtwarzanie przez YouTube
Przejdź do wideo YouTube

Ładowanie odtwarzacza...

Scrobblujesz ze Spotify?

Powiąż swoje konto Spotify ze swoim kontem Last.fm i scrobbluj wszystko czego słuchasz z aplikacji Spotify na każdym urządzeniu lub platformie.

Powiąż ze Spotify

Usuń

Nie chcesz oglądać reklam? Ulepsz teraz

Texas

Eg likar rap-musikk frå Texas.
UGK er den beste gruppa byen har å by på, sjølv om The Geto Boys både er meir legendariske og meir "ekte". Ingen disrespekt til Scarface sine glimrande, sjelfulle gangstartekstar, men det er noko med Pimp C sine basstunge beats, Bun B sine forrykande vers og ikkje minst kjemien mellom dei to på mikrofonen som saknar sidestykke i rapindustrien. Særleg albumet "Dirty Money" er koseleg.
Chamillionaire er òg ein dyktig rappar. Soloalbumet hans "The Sound of Revenge" er ganske dårleg, men det er ikkje fordi innsatsen på mikrofonen er dårleg. Det er heller fordi Koopa prøvar seg for mykje på ting han ikkje han, t.d. radio- og damelåtar. Eg har lyst på albuma han gjorde saman med Paul Wall, det eg har høyrd derifrå har nemleg vore glimrande. Sistnemnde er eg elles ikkje spesielt begeistra for.
I det siste har eg høyrd mykje på Trae, som er mest kjend for arbeid med den dyktige fetteren sin Z-Ro. Desse karane utmerker seg begge med karakteristiske røyster, mange fine flows og fine refreng.
Dei finaste refrenga i staten er det derimot Devin the Dude som står for. Denne karen er eit laidback kvardagsmenneske med finfine episke tekstar, stileg røyst og eit songtalent få andre rapparar har.
Mike Jones er ikkje stort anna enn ein moroklump, men han er veldig flink som det. I større dosar er han valdsamt slitsam, men på einskildvers og stundom -låtar er han uovertruffen mellom reine gimmick-rapparar.
DJ Screw, Lil' Keke, Slim Thug, Lil' Flip, ESG, Chingo Bling og Aztek fortener òg å bli nemnd. Difor nemner eg dei òg.

Nie chcesz oglądać reklam? Ulepsz teraz

API Calls